Nydeleg duett

Skriv ut

mann, dame, syng, duett

På laurdag får du høyra gjestesolistane Silje Vige og Dag Sindre Vagle synga vakkert kvar for seg og saman i ein nydeleg duett i Jørpeland kyrkje. Temaet er irsk-keltisk musikk, og det kjem til og med ein sekkepipe-blåsar og er med.

Det er første gongen dei to songarane syng ein skikkeleg duett saman.

- Eg har sunge ein del med Dag, men ikkje slik som her, seier Vige.

Ho gler seg til konserten på laurdag.

- Det er mange vakre, melodiøse songar med på konserten, og klangen på koret er veldig fin og fyldig. Eg trur det blir god stemning og nyting frå ende til annen, slår gjestesolisten fast.

Som vanleg når Kornelius inviterer til konsert, så er programmet mangfaldig. Det blir ikkje bare reinspikka irsk folkemusikk, det blir også songar som har eit meir popaktig preg, som til dømes ein song av The Corrs, som vår eigen solist, Anne Lise Vervik Barka, syng. Enya, Rolf Løvland, gospelsongar og irske folkeviser er også nokre av songane på repertoaret.

I tillegg til dyktige gjestesolistar og eigne solistar har me også med oss eit band som verkeleg kan sine saker. Svein Terje Fjelde, vår faste pianist, stiller som vanleg som kapellmeister. Med seg denne gongen har han Dag Sindre Vagle på gitar og fløyter, Kurt Lisø på slagverk, Roar Fjelde på bass, Elisabeth Keilegavlen Stendal på fiolin og Thomas De Ridder på sekkepipe. I tillegg skal dansarar frå Strand kulturskule vera med og skapa endå betre stemning med å dansa eit Riverdance-inspirert tema.

- Ingen bør gå glipp av denne nydeleg konserten. Gåsehud-faktoren blir høg. Det blir ein sjeldan stemningsfull kveld med fotryllande irske og keltiske tonar, lovar dirigent Synnøve Keilegavlen Nygård.

Billettar får du kjøpt på Esso, Jørpeland og Statoil, Tau, og sjølvsagt av korets eigne medlemer. På Facebook har me laga eit eige arrangement, så det er bare til å henga seg på og kjøpa billett. Konserten er i Jørpeland kyrkje klokka 19.30 laurdag.

Sist oppdatert (tirsdag 20. mai 2014 08:05)