– Utfordrande og lærerikt

Skriv ut

Mann

Reidun Tveit frå Jørpeland var på korseminar med kor-legenden Per Oddvar Hildre (Prots) for fjerde gong i Jørpeland kyrkje i slutten av januar.

 

 

– Det var eit kjekt seminar. Prots er ein veldig flink pedagog. Han legg det opp slik at vi må strekke oss litt for å klare det. Songane og arrangementa er også klangfulle og fine, og i tillegg er det hyggeleg og sosialt å vere med på eit slikt seminar, seier korsongaren.

Ho syng til vanleg i Forsand-koret KorKult. Det var fjerde gongen ho var med på eit seminar med Prots. På spørsmål om ho kjem til å vere med på Prots-seminar igjen er svaret eit umiddelbart: – Åja.

– Det er lærerikt å vere med. Han er jo så dyktig i dette med å dirigere kor. Å vere med i eit slikt stort kor gir meg også eit lyft, seier Tveit.

77 songarar frå Strand, Forsand og Hjelmeland var med i koret. Då koret song var dei oppstilde i ein stor bue frå ytterkantane av benkeradene på begge sider av midtgongen. Songen frå dei 77 songarane fylte heile kyrkjerommet, sjølv utan anna oppmicking enn på solistane. Rundt 200 tilhøyrarar fekk med seg konserten sundag kveld.

Sist oppdatert (onsdag 08. februar 2012 21:01)